Haustvekter og slakteprosent på lam

(21.08.07) I samband med haustslaktinga vil samanheng mellom levandevekt og slaktevekt vera eit interessant moment for sauehaldaren. Det er då forståeleg at når slakteresultatet er klart vert dette sett opp mot levandevekt.

Av: Asbjørn Alsaker, tidl. Nortura Team Sau

Mange forhold virkar inn på
levandevekta

For å få eit rett samanlikningsgrunnlag bør alle lamma vegast på same tid, og om slakteprosenten skal vera reell bør dyra vera tørre og ikkje vera opp fylt i vomma av gras før veging. Om dyra har vore inne om natta og vegne dagen etter, er det eit greitt utgangspunkt.

I dei fleste høve vil ein då kunne registrere at skilnaden i slakteprosenten kan vera stor frå dei dyr som ligg høgast til dei dyra som er taparar.

Dei dyra som oppnår høgast slakteprosent vil vera dei dyra som er best muskelsett og som kjem i feitgruppe 3 eller meir. Dei beste Nor-x og Texel- lamma vil difor kunne oppnå ein slakteprosent godt over 45 og gjerne opp mot 50 %.Til svakare kvalitet det er på lamma til dårlegare vil slakteprosenten vera. Mange av lam som kjem i kl P og feittgruppe 1 vil ha ein slakteprosent godt under 35 % og ned mot 30 for dei svakaste. Skilnaden på slakteprosent mellom dyr med like vekter vil såleis ha si årsak fyrst og fremst i hald, men også i utforminga av slakteskrotten og kjøtsetnad på denne.

På den norske kvite sauen vil normal slakteprosenten på dei gode dyra ligge på kring 40 % og gjerne noko høgare for dei beste, men den vil fort verte redusert på dyr i dårleg hald og svak kjøtsetnad. Dyr levert rett frå fjellbeite har normalt noko høgare slakteprosent enn dyr som har gått heime ei tid på hobeite. Alder verkar og negativt på slakteprosenten og etter kvart som dyra vert eldre ut over hausten vil difor slakteprosenten på samanliknbare vekter gå noko ned.

Ved utplukk av slaktelam i flokken er det difor viktig å haldvurdere kvart einskilt dyr. På tverrutvekstane og tårntappane på ryggsøyla og ved å kjenne på sidebeina vil ein enkelt registrere haldet på dyret og ved å kjenne på beina i halerota vil ein kunne registrere feitsetnaden på dyret. Haldvurdering og veging gjev fort ein ekstragevinst på slakteavrekninga.