Krevjande grovfôrsituasjon

(07.09.23) Grovfôrhaustinga i 2023 har for vore krevjande for mange. Både tørke, regnvær og flom gjer at ein del ikkje har grovfôret ein treng, både når det gjeld mengde og kvalitet. Det betyr at ein må planlegge innefôringssesongen ekstra godt.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Har du nok grovfôr?

Ved ein innefôringssesong på 220 dagar eller vel 7 månader, og du vanlegvis har eit medels godt grovfôr hausta rundt skyting, vil det kanskje gå rundt 250 FEm grovfôr per sau dersom ein appetittfôrar med grovfôr. Mange haustar grovfôret i rundballar. Kor mange FEm det er i ein rundball varierer veldig. Det som påverkar innhaldet mest, er tørrstoffprosenten, pressetype, køyrefart når ein pressar og utviklinga av graset.

Dersom rundballane er fuktigare enn vanleg, må ein rekne med at dei også inneheld mindre fôr per ball enn vanleg. Dersom vi reknar 200 FEm pr rundball, treng bonden 1,3 rundballar per sau i eksempelet over.

For lite grovfôr

Dersom du har for lite grovfôr, kan ein vurdere om det er lurt å gå ned litt på søyetalet og få betre plass og nokre færre søyer å passe på i lamminga. Ein bør ikkje redusere søyetalet meir enn at det er enkelt å kome opp i full besetning med litt ekstra påsettlam neste år.

Det er også mogleg å spare grovfôr, men det bør skje i fyrste del av innefôringssesongen medan søyene er tomme/lågdrektige. Da kan ein utan problem fôre avgrensa med grovfôr og kompensere med meir kraftfôr. Dersom du vanlegvis appetittfôrar med grovfôr, så går det som regel greitt å redusere grovfôrtildelinga med 40-50 % i forhold til appetittfôring i lågdrektigheitsperioden. Søyene vil da stå med tomt fôrbrett store delar av dagen, og det kan vera lurt å sysselsette dei med «gnag» slik at dei ikkje byrjar å ete på tre-innreiinga eller nappe ulla av kvarandre. Ved ein slik spare-strategi, kan ein ha same dyretalet med ca 30 % mindre grovfôr.

Høgdrektige søyer bør helst ha appetittfôring med godt fortørka surfôr eller litt høy. Har ein ikkje slik fôr i år, bør ein også fôre avgrensa med grovfôr også i denne perioden.

Appetittfôring med fuktig surfôr til høgdrektige søyer er belastande og kan i verste fall føre til «vom i skinn». Frå lamming og til beiteslepp må ein prøve så langt som mogleg å leggje opp til appetittfôring med det beste grovfôret ein har berga i år. Da er søya høgproduktiv og treng mykje og godt grovfôr i tillegg til kraftfôr for å mjølke godt til lamma.

Avgrensa fôring med grovfôr passar ikkje for den som har fôringssystem der det er fleire søyer per eteopning
Avgrensa fôring med grovfôr passar ikkje for den som har fôringssystem der det er fleire søyer per eteopning, for eksempel Islands- og rundballehekkar.

Det må alltid vera tilgjengeleg grovfôr i slike fôringssystem, elles blir søyene som kjem sist til matfatet, taparar.

Mykje, men seint hausta grovfôr

Kanskje du har hausta rikeleg med grovfôr, men været gjorde at det vart hausta for seint? Da bør ein nytte seg av søyene sine evner til å sortere grovfôr.

Ein klok sauebonde sa at sauen kan gjera dårleg grovfôr om til godt grovfôr og strø.

Sop ut fôrrestar og legg på rikeleg med nytt fôr er ein god strategi når ein har rikeleg med seint hausta grovfôr.

Mineralinnhaldet i gras går ned ved utsett hausting. Det er difor ekstra viktig å gje vitamin og mineraltilskot når ein bruker slik fôr for å unngå mangelsjukdomar.

Har du mykje, men seint hausta grovfôr, så utnytt sauen sine evner til å sortere grovfôr. Sop ut fôrrestar og inn med nytt fôr.
Har du mykje, men seint hausta grovfôr, så utnytt sauen sine evner til å sortere grovfôr. Sop ut fôrrestar og inn med nytt fôr.

Reiskap for å planlegge innefôringssesongen

Det finst gode reiskap for den som vil lage ein plan for innefôringssesongen. Grovfôranalyser gjev svar på energi- og proteininnhaldet i fôret. Da blir det enklare å rekne på om ein har nok grovfôr og kor mykje kraftfôr ein bør gje for å få god produksjon.

Tek ein med analyse av gjæringskvaliteten også, får ein svar på om ensileringsprosessen har gått bra.

Sauen likar dårleg feilgjæra surfôr og feilgjæring kombinert med jordinnblanding aukar risikoen for listeriose.

Meir informasjon om grovfôranalysar finn du på www.eurofins.no,  www.ofotlab.no eller bedrift.bondekompaniet.no/side/laboratorium/analyser

Ny versjon av Nortura Sauefôring

I Nortura tilbyr vi fôrplanleggingsverktøyet «Nortura Sauefôring» som kan lastast ned frå menypunktet «Beregningskalkulatorer» på småfesidene i Medlemsportalen. Her kan du leggje inn resultata frå grovfôranalysane og få eit sikrare svar på kraftfôrbehov, både når det gjeld mengde og kvalitet, og kor mykje grovfôr du kan spare og likevel ha ei sauevom som fungerer godt.

Last ned 2023 versjonen av Nortura Sauefôring. I samarbeid med ein student på NMBU, har vi fått berekna nedgangen i grovfôropptak på grunn av fostervekst. Dette har vi fått lagt inn i «Nortura Sauefôring» slik at ein nå får ein betre plan for tildeling av kraftfôr fram mot lamming.

Vil du ha hjelp til å planlegge årets innefôringssesong, så står Team småfe i Nortura klar til å hjelpe!