Plukkslakting etter vekt og hold

(03.07.12) Holdvurdering er den sikraste måten å plukke ut slaktemogne lam på. I store flokkar er det ofte ikkje tid til holdvurdering kvar gong ein skal plukkslakte. Da er vekta god og ha.


Ove Holmås bruker både vekta og vurderer holdet når slaktemogne lam blir plukka ut på hovudsanken til Beinhelleren Sankelag i Stølsheimen i Hordaland. (Foto: Helle Cecilie Berger, Norsk Landbruk)
 

Med elektroniske øyremerke, elektronisk vekt, sorteringsrenne og god øving i holdvurdering, så går det fort unna! (Foto: Helle Cecilie Berger, Norsk Landbruk)

Plukkslakting etter hold
Eit slaktemogent lam er eit lam som har stagnert i tilvekst og byrja å avleire feitt. Passeleg feittmengde på lammet er viktig for mange produkt av lam, til dømes pinnekjøtt.

Når ein skal vurdere feittmengda på lammet (holdvurdering), bør ein kjenne på stader på lammet der det berre er bein, feitt og skinn dvs på ryggen, ribbeina og rumpetangen. Det du kjenner mellom skinnet og beinet er feitt.

Neste gong du skal slakte lam, bør du gjennomføre holdvurdering og notere deg kva feittgruppe du trur lammet får og samanlikne med resultatet på slakteoppgjeret. Med øving blir dei fleste veldig gode på holdvurdering!

Det er nyttig kunnskap å ha for ein sauebonde.

Plukkslakting etter vekt
Når ein skal bruke vekta til å finne slaktemogne lam, er det viktig å hugse på dette:

  • Vêrlamma er slaktemogne ved høgare vekt enn søyelamma. Data frå Sauekontrollen viser at vêrlamma når optimal feittgruppe ved ca 5-6 kg høgare levandevekt enn søyelamma.
     
  • Lam som har høg tilvekst gjennom heile beitesesongen, er slaktemogne ved høgare vekt enn lam som har hatt lågare tilvekst. Ein bør difor senke vektgrensa for plukkslakting utover i slaktesesongen. Data frå Sauekontrollen viser at lam slakta i august og september når optimal feittmengde ved ca 4 kg høgare levandevekt enn lam slakta i oktober, november og desember.
     
  • Lam av lettare raser er slaktemogne ved lågare vekt enn lam av tyngre raser. Data frå sauekontrollen syner at lam av Norsk Kvit sau når optimal feittgruppe ved ca 3,5 kg høgare levandevekt enn spælsaulamma.

Aktuelle fagartiklar om sluttfôring og plukkslakting:

  • Sluttfôring av lam som ikkje er slaktemogne om haustem
  • Prøv italiensk raigras i år!
  • Etablering av raigrasbeite
  • Holvurdering av sau
  • Unngå feittrekk på lam

Du finn artiklane i fagbiblioteket under fôring, drift og beite.