Godt oktobersalg, og saueslaktinga ned nesten 10 %
(11.11.24) Dei siste vekene av oktober er inne i slaktestatistikken. I veke 44 slakta Nortura 32 000 lam med medel slaktevekt 17,3 kg, medel klasse R+/R (7,7) medel feittgruppe 2+/2 (5,5).
Både vekt, klasse, feittgruppe og mengde lam er omtrent akkurat som fjoråret på denne tida.
Lammesesongen i butikk er nå over og fårikålkjøtt og lammelår i skiver er for lengst bytta ut med pinnekjøtt, hverdagslam og Gourmetlam. Det er gledeleg å rapportere at salet til daglevarekundane er nesten på høgde med fjoråret denne salssesongen, til tross for noko forsinka og mindre slakting enn det som låg i slakteprognosene.
Ein viktig årsak til det er at salsfolka til Nortura har greid å overbevise nokre av kjedene om at kundane ynskjer sesongvarer av lam også utover i oktober.
Slaktesesongen rullar vidare, og vi er i gang med veke 46. Det er planlagt å slakte ca 11 600 sau/lam denne veka. Lamma går framleis unna, medan ein planlegg å leggje ca 750 sau på reguleringslager.
Ved utgangen av veke 44 er reguleringslageret av sau på 975 tonn. I vekene 31-44 er det slakta 6 200 eller 9,7 % færre sau enn i dei same vekene i 2023. Det kan difor virke som om Nortura-sauebonden prøver å fylgje oppmodinga frå Nortura Totalmarked om å behalde søyene eit år til om ein er i tvil om utrangering. Det er bra for marknadsbalansen!
Statistikk graf Nortura
Statistikk tal Nortura
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 44, pdf. 416 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 43, pdf. 417 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 42, pdf. 415 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 41, pdf. 416 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 40, pdf. 416 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 39, pdf. 416 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 38, pdf. 415 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 37, pdf. 415 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 36, pdf. 415 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 35, pdf. 414 kb
Statistikk total
- Animalia: Slaktestatistikk - småfe (ekstern lenke)