God økonomi med sluttfôring sjølv med dyrare fôr
(06.07.22) Både kraftfôr og grovfôr har blitt dyrare dette året. Det er difor grunn til å spørje seg om dette bør føre til endra strategi for sluttfôring av lam.

Vi gjorde difor den same rekneøvinga som i fjorårets lammesesonghefte. Kva økonomi er det i å sluttfôre eit lam på 35 kg levandevekt (14 kg slaktevekt kl O+) sanka 1. september til eit 45 kg’s lam (19 kg slaktevekt kl R).
Fôret vi har rekna på er:
- Gjenvekst av eng (håbeite),
- Raigrasgjenvekst + håbeite
- Håbeite + Formel lam.
Vi reknar med at bruket leverer minst 5 tonn sau- og lammeslakt, ligg i distriktstilskotssone 2, er medlem i lammering og at lamma blir levert i pulje på 210 dyr og meir.
Reknestykket inkluderer tilskot frå staten som blir utbetalt av Nortura: Grunn- og distriktstilskot og slaktetilskot. Vi auka grovfôrprisen med kr 1 pr FEm og kraftfôrprisen med kr kr0,93 pr FEm i forhold til fjorårets pris. Slakteverdi og fôrforbruk er berekna med verktøya Nortura Sauefôring og Slakteoppgjerskalkulatoren 2022 som du kan laste ned frå Medlemsportalen.
Dette reknestykket viser at det er enda betre butikk å sluttfôre lam i år enn i fjor. Dette kjem av at prisen pr kg slakt har gått opp så mykje at det meir enn veg oppauken i sluttfôringskostnaden. Ein har nå att 250-300 kr for å sluttfôre dette lammet. Dersom lammet står i fare forå miste grunntilskotet (under 13 kg slaktevekt) og slaktetilskotet (kl O+ og betre), så blir sluttfôringa enda mykje meir lønsam.
Økonomi med å sluttfôre eit 35 kg’s slaktelam | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Sluttfôring | Sannsynleg tilvekt g/dag | Fôrforbruk FEm pr lam | Pris kr pr FEm | Sluttfôrings-kostnad | Startverdi 1. sept. O+ lam 14 kg slaktevekt | Tal slutt-fôringsdagar | Sluttverdi R lam 19,4 kg slaktevekt | Verdiauke | Verdiauke minus sluttfôrings-kostnad |
Gjenvekst av eng (håbeite) | 200 | 50 | 2,15 | 107 | Kr 1 392 | 46 | Kr 1798 | Kr 406 | Kr 299 |
Gjenvekst av raigras/ håbeite | 400 | 40 | 2,60 | 104 | Kr 1 392 | 28 | Kr 1808 | Kr 416 | Kr 312 |
Håbeite/Apetittfôring Formel lam | 400 | 15/25 | 2,15/5,30 | 165 | Kr 1 392 | 28 | Kr 1808 | Kr 416 | Kr 251 |