Valkomiteen innstiller Trine Vaag på topp i Nortura

(14.03.22) Valkomiteen innstiller på attval av Trine Hasvang Vaag som styreleiar for Nortura. Det vil bli hennar 6. periode som leiar av styret.

Bilete av Trine Hasvang Vaag kledd i ein ullgenser ho har strikka sjøl.

– Trine Hasvang Vaag leiar styret og selskapet på ein svært god måte, og har markert seg som ei tydelig røyst for å løfte økonomien til eigarane. Vi i valkomiteen oppfattar Vaag som svært godt motivert, seier Bjarte Myren, leiar for sentral valkomité i Nortura.

Valkomiteen innstiller òg på attval av Jan Erik Fløtre som nestleiar for eit år, og som styremedlem for to år. Hans Amund Baastad vert òg innstilt for ein ny periode som styremedlem.

To nye styremedlemmar

Som nye styremedlemmar innstiller valkomiteen Linda Gjerde Myren frå Møre og Romsdal, og Ole Johs Egeland frå Viken.

– Valkomiteen ser det som overordna viktig at konsernstyret er samansett av personar som utfyller kvarandre med erfaring og kompetanse, og som har ein god appell til eigarane og samfunnet, sier Myren.

Linda Gjerde Myren, (gris, storfe, småfe) 48 år, frå Valldal i Møre og Romsdal.
Organisasjonserfaring frå mellom anna lokalt bondelag, formannskap / kommunestyre, Nortura og Norsvin. Linda Gjerde Myren har i tillegg til å vere bonde, arbeidd som rådgjevar i Tine, revisor, og er no dagleg leiar for eige selskap som tilbyr tenester innan økonomirådgjeving og rekneskap.

Ole Johs Egeland, (slaktekylling, and, korn, skog) 58 år frå Spydeberg i Viken.
Han har erfaring som styremedlem i Spydeberg- og Østfold bondelag, og kjenner Nortura godt etter fleire år som leiar i fagutval fjørfekjøt og dei siste to åra som leiar i RU øst og no 1. vara til styret. Ole Johs Egeland er òg styremedlem i Norfersk AS.

Eit styre for eigarar og kundar

I ei tid med pandemi og politisk uro, vil Nortura si oppgave for samfunnet og bøndene, ikkje bli mindre framover. Valkomiteen kjenner seg trygg på at det innstilte styret vil ha eit overordna fokus på å levere på kundane sine forventningar om ein effektiv og berekraftig matindustri, og på eigarane sine forventningar om innflytelse, god service og betre økonomi.

Val av nytt styre skjer under årsmøtet i Nortura 5. -6. april.

Kontaktperson:

Leiar for valkomiteen, Bjarte Myren  957 65 371

Relatert informasjon (ekstern)