Lammesesongen 2022 – Godt sal og tomme reguleringslager

(06.07.22) Frå utgangen av fjoråret og hittil i år har reguleringslagra vore tomme for både sau og lam. Samstundes har det vore nok heile slakt og stykkingsdelar på industrien sine eigne lager, slik at ein har unngått import utover kvoteimporten. Det er med andre ord god marknadsbalanse på både sau og lam for tida.

Foto: Kari Mørkve Jordalen

Dette gjer det mogleg for Nortura å ta ut ein høgare pris og setje ned omsetningsavgifta. Dette gjev høgare avrekningspris til sauebonden. Difor vil avrekningsprisen på både sau og lam liggje 6-8 kr over prisen i fjorårets sesong.

Bakgrunnen for denne marknadssituasjonen er stabil produksjon og godt sal. Godt sal kjem ikkje av seg sjølv. Ein viktig føresetnad er at Nortura har nok lam å tilby når etterspørselen er størst i september. Det fungerte godt i fjorårets sesong. Nortura-sauebonden leverte lam slik at alle kundar fekk det dei ville ha gjennom heile slaktesesongen. Da må ein også ha med at Nortura hadde ein stor salsvekst på heile slakt til industrikundane.

Når reguleringslagra er tomme, må industrikundane kjøpe ferske lam i sesong til full pris. Nortura-sauebonden leverte også lam med flott slaktekvalitet. 90 % av lamma var Stjernelam. Det betyr fornøgde kundar og ynskje om å kjøpe meir lam.

Nortura har produkt av sau og lam som sel godt. Heilårssortimentet til Nortura, Hverdagslam og Gourmetlam, sel bra. Ca 7 % av tilførslane av lam blir nå seld som Hverdagslam. Det er ein ny og viktig salskanal som aukar etterspørselen etter lam. Designet «Hele Norges lam» som Gilde har på sesong-produkta, fungerer godt. Her får kundane med seg historia om korleis Gilde bidreg til aktivt landbruk over heile det vidstrakte landet vårt. Det er ei god historie i tillegg til ein god middag.

Nå står vi framfor ein ny og spanande slaktesesong. Dataangrepet før jul ramma Nortura hardt, men det kunne gått mykje verre. Bonden merkar best at «Min side» er borte. Det blir jobba på spreng for å få opp ny løysing for elektronisk innmelding. Gris og storfe har fått midlertidige nødløysingar for elektronisk innmelding. Nå er det småfeet sin tur. Småfe vil vera fyrst ute med elektronisk innmelding på den plattforma som nye «Min side» skal byggjast på. Den skal etter planen vera klar til 15. august. Fram til da må ein bruke andre løysingar for innmelding. Versjonen som blir lansert 15. august vil vera ei enkel innmeldingsløysing som skal fungere både for vanlege medlemmer og lammeringleiarar. Nye elektroniske tenester vil bli utvikla med jamne mellomrom på ei moderne og sikker plattform. Dette blir difor bra etter kvart, men denne sesongen vil nok mange sakne det vi hadde.

På fabrikkane blir det jobba hardt for å bemanne opp slakte- og skjereliner. Når pandemien etter kvart slepper taket, skulle ein tru at dette vart enklare. Slik er det dessverre ikkje. Krig i Ukraina og økonomisk vekst i andre land, gjer det mindre aktuelt reise ut å søke arbeid. Sterk konkurranse frå andre land, høgt kostnadsnivå, og svak krone gjer også Noreg mindre attraktivt. Tross utfordringar så skal fabrikkane vera klare til å ta imot årets sau og lam når sesongen startar opp.

Nortura satsar tøft for å få opp prisen til bonden. Dette skal hentast inn i kjedeforhandlingane. Da er det viktig å ha Nortura-bonden i ryggen! Ein god forhandlingsposisjon krev at det ikkje er noko alternativ til Nortura dersom ei butikk-kjede ynskjer å ha nok lam i butikkane sine. Planen er at butikkane skal fyllast med lam i veke 36 og at salskampanjane er i gang for fullt med fulle diskar frå veke 37. Så er det berre å håpa på ein god salssesong som varar langt utover hausten, i godt samarbeid med kjedene. Vi er sjølvsagt spente på korleis prisoppgang, normal reise - verksemd og grensehandel verkar inn på etterspørselen.

Når dette blir skrive, er det tid for å sleppe sau i utmarka over store delar av Noreg. Våren har vore kjøleg og tørr mange stader, men plutseleg kom både varmen og nedbøren og så vart det ein normal vår likevel. Vi håpar difor på ein god beitesommar, der søyer og lam får beite i fred og produsere mat som passar som hand i hanske i Nortura sin nye berekraftsstrategi. Vi skal stå på for godt sal og vidare prisvekst til sauebonden.

Lykke til med Lammesesongen 2022, i samarbeid med Nortura!

Sign.

Finn Avdem,
Fagsjef småfe i Nortura

 

Informasjonsheftet «Lammesesongen 2022»

Informasjonsheftet i pdf. (6,4 MB) og det meste av innholdet i heftet finner du i kategoriene under Lammesesongen. Informasjonsheftet trykkes opp kun i et begrenset antall som du kan få ved henvendelse til Medlemssenteret, vi anbefaler at du leser det på nett - eventuelt du kan printe ut for eget bruk.