Lammesesongen 2021 – Godt sal og god marknadsbalanse gjev prisvekst til sauebonden

(01.07.21) 2020 var eit godt år for sal av lam. Vi starta året med «å pusse» opp Gourmet-lam serien med ny design. Hverdagslam-serien vart utvida med fem nye produkt, og Nortura utvikla også ny design på produkta som vart seld i den viktige haust-sesongen.

Livet er godt på haustbeitet. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Dette slo godt an og kjedene ynskte å vera med på å forlenge salssesongen utover oktober. Salet av pinnekjøtt gjekk også godt. Ved nyttår kunne Nortura difor glede seg over ein salsvekst på lam med 21 % eller nesten 2 300 tonn. 2021 starta difor med eit relativt moderat reguleringslager på 1880 tonn, vel 1000 tonn mindre enn ved inngangen av 2020.

Marknadssituasjonen for sau har også endra seg. Overskot og store reguleringslager er snudd til at det er i knappaste laget med sau til å dekke behovet til industrien. Godt sal og Nortura sin eksport av 1000 tonn sau i 2018 og 2019, er dei viktigaste årsakene til at det nå er mogleg å ta ut ein skikkeleg prisoppgang til sauebonden.

Hverdagslam har opna ein heilt ny marknad for lam. Før var lam i all hovudsak eit sesongprodukt. Nå kan kundane som ynskjer lam til middag, finne det i disken uansett årstid og sesong. Slike kundar er det relativt mange av. Den gode salstrenden held seg difor inn i 2021 med ein salsvekst på 12 % eller vel 200 tonn ved utgangen av mai. Lagra av skore vare minkar difor fort, og vi gler oss til å vera i gang med ny slaktesesong.

Konsernstyret i Nortura har vurdert tilførsels- og salsprognosar og funne grunnlag for å heva engrosprisen på lam med kr 2,50 i 2. halvår 2021. Engrosprisen på lam vart også heva med kr 0,50 fyrste halvår. I tillegg er ein del pristrekk redusert pga betre marknadsbalanse. Prisen på lam til sauebonden er difor prognosert til å gå opp med kr 3,50 pr kg i årets slaktesesong. Knapp marknadsdekning på sau gjev også grunnlag for betydeleg auka pris. Her er prisen prognosert til å gå opp med ca kr 10 pr kg i vekene med høgast pris før og etter den mest hektiske slaktesesongen på lam. Ein R sau vil da bli betalt med over 21 kr pr kg inkludert grunntilskot og effektivitetstillegg. Dette betyr at vi nå endeleg er ferdig med lagra som bygde seg opp pga teljedatoendringa i 2017 og ned - slaktinga pga tørken i 2018. Vi forventar difor normale prisar på sau framover.

Auka sal og prisvekst til bonden har ikkje kome av seg sjølv. Det er eit lagspel, frå Nortura-sauebonden som leverer kvalitetslam i rett tid, utviklarar som lagar nye produkt og produktdesign som slår an, fabrikkarbeidarar som må lære seg nye produksjonsmetodar, seljarar som får kjedene til å satse på sau og lam og ikkje minst, alle som sørger for at logistikken fungerer frå bonde til butikk.

Nortura har nå produkt og produktseriar av sau og lam som fungerer godt og som gjev eit balansert sal av heile dyret. Det vil difor ikkje bli lansert nye produkt denne sesongen, men ein ynskjer å byggje vidare på dei gode erfaringane ein fekk i fjorårets sesong.

Det har vore jobba intensivt heile dette året med å bemanne opp småfeslaktelinene våre fram mot ny sesong. Det er stor konkurranse om faglært arbeidskraft både i Noreg og utlandet. Regelverket for å ta inn utanlandsk arbeidskraft er også i stadig endring. Nortura kjenner seg likevel godt førebudd og klar for ny innsats.

Lammesesongen i butikk «tjuvstartar» i Rogaland der lamma kjem tidlegast til slakting. Elles i landet er planen at vi startar med aktivitet på Hverdagslam frå månadsskiftet august/september. Salsaktivitetar på sesonglamma vil vera i gang frå veke 37 (13/9) og dei store fårikål- kampanjane kjem frå veke 38 (20/9). Så satsar vi på ein lang og god salssesong utover hausten, slik som i fjor. Vi håpar dette er ein god plan som passar godt med tilførselskurva på lam.

Inntrykket er at det har vore ein normalt tidleg vår og god start på beitesesongen på inn- og utmark over heile landet. Vi håpar difor på god tilvekst og fine kvalitetslam frå Nortura-sauebonden også denne sesongen.

Vi i Nortura skal brette opp armane og jobbe knallhardt for ein vidare prisvekst til bonden på både sau og lam.

Lykke til med Lammesesongen 2021, i samarbeid med Nortura!

Sign.

Finn Avdem,
Fagsjef småfe i Nortura

 

Informasjonsheftet «Lammesesongen 2021»

Informasjonsheftet i pdf. (6,7 MB) og det meste av innholdet i heftet finner du i kategoriene under Lammesesongen. Informasjonsheftet trykkes opp kun i et begrenset antall som du kan få ved henvendelse til Medlemssenteret, vi anbefaler at du leser det på nett - eventuelt du kan printe ut for eget bruk.

Informasjonshefte Lammesesongen 2021, pdf. 6,7 MB