Skal du slakte dielam?

(18.04.24) Lamminga er godt i gang i delar av landet, medan andre enda går og steller høgdrektige søyer. Det blir alltid nokre overskotslam, og vi tilrår å produsere ordinære slaktelam av desse og levere dei tidleg i haustsesongen.

Levering av dielam. Foto: Vinni Foss, Nortura

Da er det alltid er eit stort behov for ferske lam. 

– Dette gjev også best økonomi for sauebonden, men sjølvsagt også mest arbeid. Det er difor nokre som ynskjer å levere overskotslamma som dielam i slutten av mai, juni og starten av juli, før sommarferien. Desse tek vi sjølvsagt også gjerne imot, seier Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura.

Engrosprisen på lam går opp kr 4,- per kg frå måndag den 27. mai (veke 22). Ta ein titt på slakteplanen for 1. halvår som ligg på Medlemsportalen og sjekk kva veker Nortura-slakteriet som du leverer til, planlegg småfeslakting.

– Er du medlem i lammering, så planlegg gjerne saman med resten av lammeringmedlemmene slik at vi får til rasjonell inntransport og slakting av dielamma, seier Avdem.