Bli kjent med Nortura

Er du ramma av at Nordfjord Kjøtt skal avslutta slakteriverksemda si i løpet av 1. kvartal 2024? På denne nettsida finn du aktuell informasjon for deg som ønskjer å bli betre kjent med alle dei moglegheitene vi i Nortura kan tilby deg.

Norturabønder

Nortura skil seg frå konkurrentane våre ved at vi er eigde av bønder og blir styrte av bønder. Dette blir også spegla i sjølve formålet til Nortura: Å omsetja slaktet til medlemmene, egg, livdyr og ull slik at medlemmene får det best mogleg økonomiske resultatet av husdyrproduksjonen sin på kort og lang sikt.

I ei lang verdikjede som startar i fjøset og endar i butikken er det viktig at målet er det same i alle ledd. Eit selskap der produsenten av råvara også eig og styrer både industrien og merkevarene, er den beste garantien for at det faktisk skjer.

 

Bli med på opne informasjonsmøte

Vi arrangerer eigne informasjonsmøte i veke 2, 3 og 4 i 2024, der du vil få mykje nyttig informasjon om leveringsvilkår, inntransport, korleis du går fram for å levere ditt første slakt, og moglegheit for å bli betre kjent med oss som jobbar i Nortura.

  • Lyngmo (Hafslo) - 8. januar kl. 19.30
  • Fjordly (Bryggja) - 9. januar kl. 19.30
  • Bakar Jon (Byrkjelo) - 10. januar kl. 19.30
  • Smak Cafe (Stryn) - 11. januar kl. 19.30
  • Kantine Førde Slakteri - 15. januar kl. 19.30
  • Fjordstova (Skjolden) - 24. januar kl. 19.30

Det blir matservering, og krev inga påmelding.

Kvifor velje Nortura?

  • Same mål
    • Nortura er eigd av bønder, blir styrt av bønder og har same mål som bønder. Best mogleg bondeøkonomi – på kort og lang sikt.
  • Landbruk over heile landet
    • Nortura er garantisten for at det er mogleg å driva kjøttproduksjon i heile Noreg. Eit aktivt landbruk i heile landet er like viktig for store produsentar i sentrale strøk som for små i distrikta.
  • Rådgiving og samhandling
    • Best bondeøkonomi oppnår du med god drift i fjøset og ved å levere rett kvalitet til rett tid. Samhandlinga mellom bonde og industri blir stadig viktigare. Ved å levere til Nortura får du tilgang til rådgivarar som er spesialistar på å kombinere husdyrfaget med kunnskap om behovet i marknaden.
  • Gilde og Prior – ingen over, ingen ved siden
    • Som medlem i Nortura eig du og produserer råvarene til Noregs desidert sterkaste og best likte merkevarer på kjøtt og egg. Ved å levere til Nortura får du høvet til å handla desse merkevarene gjennom vår eigen medlemsbutikk i Førde.

Lokalt slakteri i Førde

På Reset i Førde finn du Nortura Førde. Her slaktar vi både gris, storfe og småfe frå Romsdalsfjorden i nord til Bergen i sør. Så langt i 2023 har vi slakta 36000 gris, 24000 storfe og 118000 småfe, og vi har god slakterikapasitet viss du skulle velje å levere dyra dine til slakting hos oss.

Inntransporten blir gjennomført av Vest Dyretransport. Vi har 12 bilar til disposisjon og 15 sjåførar som sikrar at dyra dine blir lasta og transporterte til slakteria på ein god og dyrevennleg måte.

Medlemmene våre er svært tilfredse med sjåførane våre (91 av 100 poeng, medlemsundersøkinga juni 2023). 

Innmelding av dyr til slakt kan du enkelt gjere på Min Side (ein digital portal som stadig får nye funksjonar og forbetringar), eller du kan få bistand frå vårt nasjonale Medlemssenter eller ein rådgivar.

Vi kan tilby gode løysingar for retur (til eige bruk) og nisjeslakt (slakt som du skal selje sjølv).

Skulle det skje eit uhell eller ei uventa hending, har vi lang tradisjon med å tilby nødslakt som ein del av servicen vår overfor medlemmer. Vi har i dag fire nødslaktvakter som dekkjer heile Vestland fylke.    

Må ein vera eigar for å levera slakt til Nortura?

Nei, du treng ikkje vere eigar av Nortura for å levere slakt til oss. Det einaste vi krev er at du som leverandør er registrert i Einingsregisteret, har eit eige organisasjonsnummer og eit aktivt produsentnummer i Landbruksregisteret. Du må også vere registrert hos Mattilsynet.

Vil du bli medeigar i eit av Noregs største næringsmiddelkonsern med store og moderne hjørnesteinsbedrifter spreidd over heile landet? Som eigar får du ei hand på rattet, og kan medverke i eigarstyringa gjennom møte og val av dine tillitsvalde. Ønskjer du å bli eigar må du betale andelsinnskotet på kr. 12.000,-.

Som nemnt er det ikkje pålagt å vere eigar for å levera slakt til oss, men å bli eigar gir deg nokre ekstra rettar og moglegheiter som du berre får i eit samvirkeføretak. Du kan velja å bli eigar på eit seinare tidspunkt òg.

Skulle du ønskje å registrere deg som leverandør (og evt. som eigar av Nortura) kan du enkelt fylle ut følgjande skjema. Ta gjerne kontakt med nokre av rådgivarane våre i forkant av registreringa.

Kontaktinformasjon

Arild Grimeland

Arild Grimeland

Teamleder Førde

975 22 505

Johannes Nedrebø

Johannes Nedrebø

Rådgjevar småfe Vest

905 71 243

Siv Solheim

Siv Solheim

Spesialrådgjevar gris Vest

971 39 675

Per Landa

Per Landa

Tilførselsleiar Vest

411 01 259

Bjørn Aardal

Bjørn Aardal

Vest Dyretransport AS

476 61 975